Resistans

 For eit rettferdig samfunn

Vi kjempar for rettstryggleik 

Når rettstryggleiken sviktar, kven tek ansvaret? Del di historie – vi synleggjer urett og systemsvikt. 
Skriv til oss her

Kven tek ansvaret når rettstryggleiken sviktar? 

Rettstryggleik er ein grunnpilar i rettsstaten – men kva skjer når han ikkje fungerer?

Noreg blir omtalt som ein av verdas beste rettsstatar, med eit politi og eit system som folk flest har stor tillit til.

Bak fasaden ser verkelegheita annleis ut. Rettsstaten er ofte meir oppteken av å verne sitt eige omdøme enn av å sikre innbyggjarane sine grunnleggjande rettar. Lovbrot og bevismanipulasjon i politi og påtalemakt, og bevisavskjering i domstolane, skjer oftare enn mange trur – både i straffesaker og i sivile saker, frå varslingssaker til barnevern.

Ofra er enkeltpersonar som må stå åleine i ein urettferdig kamp mot eit massivt system – ein kamp som tærer på både helse, økonomi og livsmot.

Difor treng vi Resistans.

Om oss
Resistans er etablert for å bidra til eit meir rettferdig og folkestyrt samfunn.

Vi arbeider for å avdekke og motverke korrupsjon og maktmisbruk frå offentlege og statlege aktørar. Gjennom gransking av dokument, saker og avtalar løftar vi fram urett og ulovleg praksis som elles hadde blitt gøymd. 

Les meir om oss her


Arbeid og metode

Vi samlar historier, dokumenterer systemfeil og stiller makta til ansvar.
Resistans løftar folk sine røyster gjennom analyse, folkemøte og politiske innspel – og gir rettleiing og støtte til dei som står midt i uretten. 
Les meir om kva vi gjer 

Publisering av arbeid, ulike saker, politikk og samfunnsspørsmål

Analyse og oppslyning av dokument og avtalar

Rettleiing og støtte til medlemmar 

Digitale og fysiske møteplassar for deling, lytting og fellesskap. 

Lik oss på Facebook for siste oppdateringar!